Notater : Anders Larsson Røv kom til gards som eigar og brukar på "AUSTISTUA" kring 1670. Han var født 1646 og var son til landherren Lars Ingebrigtson Røv og kona Gjertrud Andersdotter frå Stangvik. Forutan sonen Anders hadde dei sønnene Ingebrigt på Røv, Ola på Dønheim, Lars på Mo i Stangvik og Lars på Henda i Valsøyfjord. Anders fekk 2 øres landskyld som arv etter far sin. Dei andre 18 marklaga av landskylda vart det Lars Mo som arva, og Anders betalte for leiga av denne parten. Anders Larsson var først gift med ei Ildrid Olsdotter. Med henne, heiter det i odelssaka i 1731, at han hadde 8 a 9 born, men dessverre veit vi namnet berre på ein av sønene. 1. Jon født 1669, gift med Ildrid Jonsdotter og vart brukar på Grøtan. Anders Larsson vart som enkemann etter 9 års ekteskap med første kona, oppattgift med Gjørri Alvsdotter. Med henne hadde han fem born. x1. Gunnhild, gift med Bendik Andersson Rindal. 2. Nils, født 1681. 3. Anders, født 1685, visstnok død ung. 4. Bendik, gift med Ingeborg Tølløvsdotter Elshaug, Oppistua, og vart bruker der. 5. Ingebrigt, født 1696, visstnok gift med gardenka Guri Olsdotter på Søyset i Stangvik. |