Notater : Lars Johannesson Rindal fekk byksel på garden "RINDALSHOLT" av presten Irgens 30 oktober 1756. Lars var født 1727 og var etter alt å døme son til Johannes Larsson Rindalsholt, født 1692, som var gift med enka i Austistua på Rindal - no Rindal prestegard - og var bonde der. Dersom dette held stikk - og det er det liten grund til å tvile på - så har same ætta sita på garden heilt frå først på 1600 talet og kanskje enda lenger. Lars Johannesson vart som korporal gift 1755 med Ildrid Larsdotter Løset. Dei hadde seks born. 1.) Gunnhild, født 1756, død ugift 1807. 2.) Sigrid, født 1757, gift 1788 med Alv Brynjulvson Løset. 3.) Brit, født 1760, gift 1799 med enkemann Sjur Larsson Elshaug. 4.) Lars, født 1762, gift med Eli Sverkesdotter Tørset, født 1770. 5.) Ildrid, født 1765, gift 1792 med Peder Erikson, Utistua, gift andre gang med Tølløv Plson Pallan. 6.) Johanna, født 1767, gift 1802 med Ola Sverkeson Grytbakk, Austigard. Lars Johannesson døde 1768. Buet var i underskot, og på auksjonen vart lausøret seld for vel 98 rd. Eit års landskyld stod til rest med 1 rd. 3 ort 2 skl. |